Doyleitt

Doyleitt er eit sjeldan mineral skildra i 1985 frå Canada. Det er eit aluminiumhydroksid, Al(OH)3, med triklin symmetri. Det er polymorft med bayeritt, gibbsitt og nordstranditt.

Det er kalla opp etter E. J. Doyle som først fann mineralet.

Det er i Noreg funne i druser i ekeritt ved Gjerdingselva i Nordmarka ved Oslo.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy